Martin Henriksen bør røyste Venstre

Postet juli 8th, 2009 av Sveinung Rotevatn i Miljø og klima

Diverre er nok sjansane for miljøskader i Lofoten og Vesterålen større enn AUF sine sjansar til å snu Arbeidarpartiet i saka om oljeboring i desse sårbare områda.

Onsdag 8. juli kunne ein lese på VG Nett at Martin Henriksen, leiar i AUF, meiner at eit oljefritt Lofoten og Vesterålen er “en av de aller viktigste miljøsakene de neste årene”. Henriksen har heilt rett. Og nettopp difor bør han velje Den tredjve vegen til hausten.

Arbeidarpartiet vel i sitt stortingsprogram å ikkje ta stilling til eventuell oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen. Framstegspartiet på si side kan knappast vente med å setje borekronene ned i sokkelen under eit av vårt mest sårbare havområde. Som vanleg har Ap og Frp meir til felles enn dei likar å innrømme: Begge parti høyrer meir på høvesvis LO og ingenting enn på miljøforskararar, og prioriterer petroleumsindustri framfor miljø og klima. Trass i likskapane held likevel AUF-ungdomen fram med å hamre laus på sin favorittmotstandar – Framstegspartiet. Det må ein sjølvsagt ha forståing for. Det vil alltid vere enklare å kritisere eit ekstremparti som ikkje kjem i regjering, enn å angripe reelle og alternative politiske løysingar frå Venstre og dei to andre borgarlege partia.

I følgje VG Nett-artikkelen vil eit oljefritt lofoten vere “[e]t av de viktigste kravene fra AUF om en ny rødgrønn regjering dannes etter valget”. For dei av oss med eit minne som går lenger enn tre månadar tilbake, var dette også eit av AUF sine viktigaste krav då Ap skulle vedta sitt nye program på årets landsmøte. AUF tapte kampen så det song i veggane i Folkets Hus. Å tru at dei kjem til å vinne kampen ved eventuelle regjeringsdrøftingar er diverre inkje anna enn naivt.

Det er for så vidt oppløftande at AUF har byrja å verte opptekne av miljø, det er berre synd at dei samstundes oppmodar medlemmane sine til å røyste Arbeidarpartiet.

Også i dette spørsmålet er Venstre den tredje vegen i norsk politikk. Venstre vel å prioritere fisk framfor olje, og miljøomsyn framfor omsynet til LO. Difor seier vi eit klart nei til å sitje i ei regjering som opnar for petroleumsverksemd utanfor Lofoten og Vesterålen. Unge Venstre kjempa miljøkampen under Venstres landsmøte i Stavanger, og vann heldigvis fram. Det vil vi også gjere i eventuelle regjeringsdrøftingar.

Om miljø er viktig for AUF og Martin Henriksen bør dei slutte seg til Unge Venstre i kampen for eit miljøvenleg og liberalt sentrumsalternativ.

Enig eller uenig? Del det med andre:
  • Facebook
  • E-mail this story to a friend!
  • Twitter

4 Comments on “Martin Henriksen bør røyste Venstre”

  1. Roar Sollied

    Ja, det hadde vært en mye bedre “planavsløring” på Utøya å fortelle hva AP egentlig vil gjøre med LoVe i 2010, eller at AUFs plan A er å stemme Venstre.

  2. Miljø er viktigst | Den Tredje Vei

    [...] argument mot formuesskatten Mer olje, mykere sovepute Hald deg borte fra Jan Mayen, Riis-Johansen! SP garanterer for kontantstøtte, SV garanterer ikke mot olje Martin Henriksen bør røyste Venstre Enig eller uenig? Del det med [...]

  3. Stikker hodet i oljesanden | Den Tredje Vei

    [...] argument mot formuesskatten Mer olje, mykere sovepute Hald deg borte fra Jan Mayen, Riis-Johansen! SP garanterer for kontantstøtte, SV garanterer ikke mot olje Martin Henriksen bør røyste [...]

  4. Stikker hodet i oljesanden | Den Tredje Vei

    [...] argument mot formuesskatten Mer olje, mykere sovepute Hald deg borte fra Jan Mayen, Riis-Johansen! SP garanterer for kontantstøtte, SV garanterer ikke mot olje Martin Henriksen bør røyste Venstre [...]

Legg inn kommentar

Flere innlegg

Clicky Web Analytics