“Forfulgt? Dra deg til Afrika!”
Det mest interessante med Framstegspartiet er at akkurat når du trudde dei ikkje kunne presentere ein meir ekstrem, smårasistisk og storpopulistisk politikk – så kjem dei med utspel som dette i dagens VG og dette i Dagbladet.

I artikkelen slår Per-Willy Amundsen fast at ingen – null – asylsøkjarar skal få kome til Noreg. Det vil seie, dei kjem seg nok inn, men når dei først har søkt asyl skal dei setjast på eit charterfly til “Afrika”, og vente der til søknaden har vorte handsama. Partileiar Siv Jensen meiner i følgje VG at dette er “en veldig god idé”.
Mykje kan seiast om eit slikt utspel, og mykje kjem nok til å seiast i løpet av dagen. Det mest sannsynlege er nok at Høgre slenger seg på med eit noko mildare framlegg, og Arbeidarpartiet vil nok roe ned alle Frp-veljarane sine med at “nei då, vi har situasjonen under kontroll. Men vi lovar fleire innstrammingar”. I ettermiddag gjekk statsminister Jens Stoltenberg ut og avviste framlegget, men den einaste grunnen til dette er tydelegvis at ein slik framgongsmåte er “urealistisk”. Også utanriksminister Jonas Gahr Støre uttalar seg kritisk.
Det kanskje mest interessante med saka er likevel følgjande:
Frp har i årevis hatt som fanesak at alle asylmottak skal vere hermetisk lukka. Dette for å verne gode, reine norske borgarar mot all slags kriminalitet og styggeskap. Asylmottaka som skal opprettast i “Afrika” skal likevel “være åpne mottak”.
Ut frå Frp sin tankegong kan det berre konkluderast på to måtar. Anten med at
i) asylsøkjarar som kjem til Noreg er livsfarlege, valdektsavhengige drapsmaskiner, men dei vil nok roe seg ned med ein gong dei kjem til “Afrika”, eller
ii) det er ikkje så farleg om eit asylmottak eller to i Dar-es-Salaam fører til auka kriminalitet, det er trass alt norske borgarar som må vernast mot vondskapen.
Venstre og Unge Venstre er den klaraste motpolen til Frp sin populistiske asylpolitikk. Den store skilnaden er følgjande: Vi trur ikkje at ein ung gut – som har flykta frå krig og elende i Afghanistan, som har kravla seg gjennom farlege fjellpass og budd under fryktelege tilhøve i månadsvis, og som endeleg har klart å kome seg til Europa i håp om å kunne skape seg eit trygt liv – har som fremste mål i livet å øydeleggje det norske samfunnet.
I denne samanheng høver det fint å sitere frå gårsdagens bloggpost frå Lars-Henrik Paarup Michelsen, tidlegare leiar i Unge Venstre og andrekandidat for Venstre i Hordaland:
“Dei som les presentasjonen til UDI vil sjå at auken i talet på asylsøkjarar i all hovudsak skuldast tre land: Afghanistan, Eritrea og Somalia. Samlege av desse landa er prega av krig og konfliktar. I følgje FNs Høgkommissær for flyktningar (UNHCR) er flyktningsituasjonen i desse tre lande slik.
- Afghanistan: 2,8 millionar flyktningar (les meir)
- Eritrea: 186.000 flyktningar (les meir)
- Somalia: 561.000 flyktningar (les meir)
Omlag 4000 av desse 3,5 millionar flyktningane kom til Noreg første halvdel av 2009.
Det er på ingen måte for mange!”













@Uvesentlig: Bra du sporer debatten inn på det den handlet om i utgangspunktet; hvorvidt vi bør ha asylmottak i Afrika eller ikke. Jeg mener det er dobbelmoralistisk å ha lukkede asylmottak i Norge og åpne asylmottak i utlandet. Jeg synes også det er galt å sende asylsøkere fra f.eks. Irak, Afghanistan, Pakistan, Sri Lanka m.m. til Afrika – et helt annet kontinent. Forslaget til FrP er dessuten helt urealistisk fordi det ikke er gjennomførbart. Asylmottak med OK norsk standard er som luksushoteller å regne i Afrika. Det er derfor tvilsomt om det vil komme færre grunnløse asylsøkere bare fordi mottakene ligger et annet sted. Tvert om tror jeg det vil komme veldig, veldig mange som ønsker seg opphold på disse mottakene. Disse oppholdene vil vare lenge, ettersom saksbehandlingen tar lang tid grunnet stor saksmengde. Som Abid Raja sier vil dette være et stort solidaritetsprosjekt, siden Norge vil sørge for kost og losji til langt flere mennesker enn vi gjør i dag, men FrPs forslag vil da også være et veldig kostbart tiltak som ikke løser noen problemer. Det siste vi trenger er at asylinstituttet undergraves enda mer med flere grunnløse asylsøkere og større vanskeligheter for norske myndigheter i den forbindelse.