Island vågar der Noreg feigar ut
I ettermiddag melder VG Nett, TV2 og Dagbladet at det islandske alltinget har sagt ja til å søkje medlemskap EU. Dette er etter Unge Venstre sitt syn særs gledeleg nytt for sagaøya, og det bør vere starten på ein ny EU-debatt her heime.
Etter Unge Venstre sitt syn er EØS-avtalen ein glitrande økonomisk avtale, men ein katastrofal avtale for demokratiet. Unge Venstre har lenge meint at berre fullt EU-medlemskap kan ivareta Noreg sine interesser på ein forsvarleg måte, og vi vonar dei positive signala frå Island i ettermiddag vil vere starten på ein prosess også i Noreg – som på sikt vil leie fram til EU-medlemskap også for det siste, nordiske utanforlandet.
Den norske EU-debatten har lenge vore prega av politisk feigskap, og alt for mange bruker EØS-avtalen som ei kvilepute for å la vere å røske opp i gamal usemje og vondt blod. Dette må ein sjølvsagt ha forståing for, men det går likevel ei grense for kor lenge ein kan akseptere ein avtale som er grunnleggjande udemokratisk.
Ei interessant side med den norske EU-debatten er Nei til EU si smått utrulege evne til å snu kappa etter vinden. Heilt sidan Island vart råka av finanskrisa har nei-general Heming Olaussen predika at ein islandsk EU-søknad er heilt urealistisk. Når no søknaden kjem, legg Olaussen om retorikken totalt og slår sjølvsikkert fast at dagens vedtak i Alltinget er “en beslutning som i liten grad berører Norges forhold til EU”. Det siste er i beste fall ein påstand som fell på si eiga urimelegheit, og det er tydeleg at Nei til EU no klamrar seg til kvart halmstrå dei kan finne. Heldigvis kan det sjå ut til at tidsanden ikkje er på deira side.
Eit islandsk EU-medlemskap vil fordre store endringar i det institusjonelle rammeverket kring EØS-avtalen. EFTA-sida av avtalen vil no gå frå 3 til 2 medlemsland, noko som tyder at det må gjerast endringar – mellom anna i EFTA-domstolen. Eit alternativ er å få inn ein representant frå EU-kommisjonen som ein tredje dommar, men dette kan neppe vere akseptabelt for Noreg. Då vil vi ha flytta oss eit stort steg nærare reell overnasjonalitet, sidan EU vil ha ei direkte røyst som kan avgjere stridsspørsmål kring EØS-avtalen. Den same problemstillinga vil dukke opp i EØS-komiteen og i ESA. Å hindre EU-kommisjonen frå å vere ein del av dei avgjerande organ i EØS var eitt av dei viktigaste punkta for Noreg og EFTA under drøftingane tidleg på 90-talet.
Dagens EU er ein heilt annan union enn den Noreg sa nei til i 1994. EU er slett ingen “rikmannsklubb”, slik den vart stempla for 15 år sidan, men har tvert imot løfta millionar ut av fattigdom gjennom inkluderinga av dei gamle austblokklanda. Vidare er EU idag verdas miljøfyrtårn, og driv (heldigvis) også Noreg si miljøvernlovgjeving framover i positiv retning. Rett nok har EU mange utfordringar, og det er mange område der Unge Venstre gjerne skulle sett at den politiske utviklinga gjekk ein annan veg – mellom anna er vi motstandarar av datalagringsdirektivet – men etter vårt syn vil fullt medlemskap vere den beste og mest effektive måten å kjempe for liberale verdiar på ein felles-europeisk arena.
Dagens vedtak i Alltinget er særs positiv og oppmuntrande, og det vert spanande å sjå korleis den islandske søknaden vert motteken i Brüssel. For tida er det Sverige som har formannskapen i unionen, og dette kan vonleg tale for at handsaminga av søknaden vert prioritert.
Om island no får ein god avtale med EU – særleg innanfor fiskeri – bør det vere ein demokratisk og realpolitisk tankevekkjar for både nei-generalar og andre her heime på berget.
Gratulerer, Island!













Våger fascisme tenker du på?
http://wearechangen.blogspot.com/2009/07/sjokkerende-videoer-fra-eu-parliamentet.html
Nei, det var ikkje det eg tenkte på. Men YouTube-videoar frå parlamentsdebattar med skummel musikk i bakgrunnen er jo alltid eit godt argument.