Eit kulturpolitisk argument mot formuesskatten

Postet juli 31st, 2009 av Fabian i Kultur

kulturStein-Rike Hagen flaggar ut, og tar kona og formuen med seg. Eg skal ikkje her forsvara valet hans eller påstå at det har vore veldig synd på Hagen dei siste åra, men saka tener uansett til å illustrera korleis den særnorske formuesskatten hindrar at store private formuar blir bygd opp og haldt ved like i Noreg.

Det er synd, av fleire grunnar. Eg ønskjer eit mangfald av eigarar i norske bedrifter, fortrinnsvis eigarar med nærleik til og interesse for bedriftene og kor godt dei gjer det i både økonomisk og sosial forstand. Formuesskatten gjeld berre for norske private eigarar, og råkar difor særleg småbedriftseigarar, som er så viktige for nyskaping og aktivitet i så mange lokalsamfunn.

Det er også synd fordi eg ønskjer eit sterkt sivilsamfunn der borgarane sjølve er premissleverandørar gjennom sitt engasjement og sine bidrag. Sivilsamfunnet er mylderet av institusjonar, organisasjonar og initiativ som (ideelt sett) korkje er orientert mot marknaden staten – kultur, organisasjonsliv og kunnskapsutvikling inngår som sentrale aktørar. Sivilsamfunnet skal vera ei motvekt til staten, ikkje eit instrument i statens hender.

For at sivilsamfunnet skal kunna tena som ein uavhengig pillar i det liberale demokratiet, må det ha tilgang på midlar som korkje kjem frå staten eller kommersielle inntekter. Då er avkasting frå privat formue ei utmerkt kjelde. Både enkeltborgarar og stiftingar kan vera viktige bidragsytarar. I Noreg i dag er dei det berre i begrensa grad samanlikna med andre land; staten har samla mykje av makta under seg sjølv. I kulturpolitikken under dei raudgrøne er det særleg tydeleg.

Frå ein liberal ståstad er det problematisk. Samfunnet må leggja til rette for eit større mangfald av finansieringskjelder; det fremjar privat engasjement, spreier makt og hindrar at heile sivilsamfunnet er som fugleungar, alle vende mot same matmor. Å hjelpa fram privat eigarskap og formuesoppbygging ved å fjerna formuesskatten er eitt av fleire grep som kan bidra.

Så vær så god: Eit ideologisk fundert, kulturpolitisk argument mot formuesskatten. Ikkje veldig sexy, men eg trur likevel det er noko i det.

Runar B. Mæland, ungdomskandidat for Hordaland Venstre

Enig eller uenig? Del det med andre:
  • Facebook
  • E-mail this story to a friend!
  • Twitter

9 Comments on “Eit kulturpolitisk argument mot formuesskatten”

  1. Hans Olav

    Sorry, men hvis du fikk med den debatten i Dagnytt 18 på NRK P2 i forrige uke kunne du kanskje høre at Høyres Jan Tore Sanner faktisk innrømte at det finnes to-tre land til som forstatt praktisrere formueskatt i en eller annan form, og disse landenen lå til og med innenfor OSEC-området. Så at dette er en særnorsk ordninger er altså en myte vi kan legge død en gang for alle.

  2. Fabian

    Tja, man trenger ikke tolke ordet “særnorsk” så strengt at det bare kan gjelde fenomener som bare finnes i Norge. Norge er det eneste landet i Europa med formuesskatt. At to-tre andre land i hele verden har denne beskatningen, gjør den til et særnorskt fenomen i mine øyne.

  3. Hans Olav

    Det handler ikke om å tolke ordet strengt eller ikke. det handler om å tolke ordet betydning korrekt.

  4. fabian

    Jaja, det skal du få lov til å mene.

  5. runar

    At så mange må betala så mykje i formuesskatt er ein særnorsk situasjon. Dei (svært få) andre landa i Europa som har formuesskatt, til dømes Frankrike, har langt høgare botnfrådrag og langt lågare skattesats, og difor ikkje den same negative verknaden på økonomien.

  6. fabian

    Kan også legge til at Venstre vil heve bunnfradraget før skatten fjernes helt.

  7. 10 gode grunner til å velge Venstre fremfor AP | Den Tredje Vei

    [...] 3. Arbeiderpartiet vil beholde formueskatten. Venstre vil fjerne en uheldig norsk særskatt som rammer små og mellomstore bedrifter, minstepensjonister og selvstendig næringsdrivende hardt. Les mer her, her og her. [...]

  8. 10 gode grunner til å velge Venstre fremfor SP | Den Tredje Vei

    [...] mellomstore bedrifter, minstepensjonister og selvstendig næringsdrivende hardt. Les mer her, her, her og [...]

  9. Grønne av misunnelse | Den Tredje Vei

    [...] mer om formuesskatten her på tredjevei.no: Ville Spotify overlevd formuesskatten? Et kulturpolitisk argument mot formuesskatten Et miljøpolitisk argument mot formuesskatten Gratulerer, Kristin [...]

Legg inn kommentar

Flere innlegg

Clicky Web Analytics