Eit miljøpolitisk argument mot formuesskatten
Kven skal skapa lavutsleppsamfunnet? Ein viktig del av svaret er utan tvil nye bedrifter, som kan omskapa kunnskap om kva som kan gjerast til praktisk dugande løysingar. Me er avhengige av ny teknologi og nye forretningsidear for å lukkast med å gjera økonomien vår grønare.
Difor er det så viktig at miljø og klima ikkje kan vera “venstresidesaker”, slik mange både sosialistar og konservative har prøvd å gjera det til. Sosialistar forstår seg ikkje på bedrifter, nyskaping, mangfald av eigarar og initiativ. Raudgrå nærings- og skattepolitikk bidrar til konservering heller enn omstilling.
Det viktigaste politikarane kan gjera for å møta miljøutfordringane me står overfor er ikkje å peika ut vinnarane eller teikna ut kartet for korleis framtida skal bli – politikarar tar så ofte feil, og terrenget viser seg å vera annleis enn nokon hadde trudd.
Staten speler si rolle best ved å mobilisera dei mangfaldige kloke hovuda rundt om i næringslivet og forskingsmiljøa til å bruka sine beste tankar på å finna ut korleis produksjon og forbruk kan gjerast mest mogleg skånsomt mot miljøet – i hard konkurranse seg imellom. Det er å fremja innovasjon, og det gjer ein best gjennom ein smart miks av marknadsbaserte støtteordningar, ny forskingsinnsats, miljøavgifter og gode rammevilkår for bedrifter og gründerar.
Så til poenget: Det er nettopp nystarta bedrifter som blir hardast råka av den hersens formuesskatten. Nye bedrifter kan vera høgt verdsett i marknaden, ikkje minst i ein framtidsretta marknad som grøn produksjon, medan dei faktiske inntektene lar venta på seg. Men formuesskatten må betalast ut frå verdi, same kor godt eller dårleg drifta går, og kan difor i verste fall bidra til å kvela gode idear i startfasen.
Eit av dei viktigaste strukturelle grepa Venstre vil ta for å møta klimautfordringa er å skifta frå raud til grøn skatt; å auka miljøavgifter over heile fjøla, mot å senka skatt på vanlege arbeidsinntekter og eigarskap. Det vil, saman med andre målretta miljøtiltak, bidra til ein heilt annan dynamikk i omstillinga til ein grøn økonomi enn me ser i dag.
Så fjern formuesskatten – ikkje for Hagen, men for barnebarna si skuld.
Runar B. Mæland, ungdomskandidat for Hordaland Venstre













[...] og mellomstore bedrifter, minstepensjonister og selvstendig næringsdrivende hardt. Les mer her, her og [...]
[...] og mellomstore bedrifter, minstepensjonister og selvstendig næringsdrivende hardt. Les mer her, her, her og [...]
[...] også: Bare Venstre stiller ultimatum mot oljeboring i LoVe Ville du åpnet for oljeaktivitet? Klar for klimakrim? Et miljøpolitisk argument mot formuesskatten Mer olje, mykere sovepute Hald deg borte fra Jan [...]
[...] miljøSViket Bare Venstre stiller ultimatum mot oljeboring i LoVe Ville du åpnet for oljeaktivitet? Klar for klimakrim? Et miljøpolitisk argument mot formuesskatten Mer olje, mykere sovepute Hald deg [...]
[...] tredjevei.no: Ville Spotify overlevd formuesskatten? Eit kulturpolitisk argument mot formuesskatten Eit miljøpolitisk argument mot formuesskatten Gratulerer, Kristin [...]