Næringslivet sine vener og uvener

Postet august 18th, 2009 av runar i Arbeid og næring, Ideologi

paereVenstre er det nest mest næringsvenlege partiet i Noreg, meiner NHO. Det som trekk oss ned i deira auge, er først og fremst at me ønskjer å verna Lofoten og Vesterålen mot oljeboring og gjennomføra radikale miljøtiltak i Noreg – det er ein kritikk eg lever godt med.

Det er ikkje eit mål å ha same syn som NHO i eitt og alt, og eg meiner at me ikkje kjem til å lukkast med miljø og verdiskaping om me ikkje klarer å kombinera dei to. Som Sponheim stundom seier, er kombinasjonen av miljø, næringsfridom og sosialt ansvar det genuine, sosialliberale særpreget ved Venstre.

Regjeringspartia kivar seg i mellom om å ha den mest næringsfiendtlege politikken, men SV kjem ikkje overraskande ut med botnnoteringa. I partiprogrammet til sosialistane er ordet “småbedrifter” ikkje å finna, men det står likevel litt om korleis partiet vil fremja nyskaping i Noreg komande periode:

SV vil tilrettelegge bedre støtteordninger og rådgivning for de som vil skape sin egen arbeidsplass. Statlige bevilgninger til kommunale næringsfond bør økes betydelig fra dagens nivå gjennom regionale utviklingsmidler. Innovasjon Norge bør finansiere en programsatsing for sosialt entreprenørskap der også ikke-kommersielle foretak kan få støtte når målet er positiv forandring for enkeltmennesker og samfunn.

For å gjøre det enklere å starte bedrift må det offentlige kunne tilby god rådgivning. SV mener bedrifter med bare én ansatt i en oppstartsfase bør tilbys å få regnskap og revisjon utført via en offentlig myndighet til selvkost.

Sosialistisk næringspolitikk går med andre ord ut på at bedrifter skal skattleggjast høgt for å finansiera subsidiar til bedrifter som ikkje går rundt fordi dei må betala så mykje skatt. Skatteinntektene skal også finansiera subsidierte rådgjevarar som kan hjelpa bedriftene gjennom regulerings- og skjemaveldet som sosialistane har laga.

Ein målretta politikk for å flytta makt frå marknaden til staten, altså – frå eit ope mangfald av private initiativ til lukka byråkratrom. Det er også det komplette vanvidd – det openbare svaret er sjølvsagt å senka skattane og redusera skjemaveldet, så bedriftene klarer seg på eiga hand.

Dynamikken i marknaden si prøving og feiling er den beste motoren for nyskaping. Den sanninga held vatn sjølv om effektiv konkurranse i marknaden føreset at staten grip inn og korrigerer for marknadssvikt på fleire område.

Det er viktig å henga ut SV litt på dette området, ikkje fordi næringsliberalisme er så forbaska viktig i og for seg – sjølv om det etter mitt syn heng nært saman med verdiliberalisme og personleg fridom – men fordi me er nøydde til å ha eit næringsliv som skaper arbeidsplassar og verdiar til oss om me har tankar om at velferdssamfunnet skal levera meir til fleire i tida framover.

Det har eg, og difor meiner eg ein næringsvenleg politikk er riktig og viktig. Javisst blir nokon menneske rikare enn me liker å tenkja på å av å driva næringsverksemd – men alternativet er at me alle på sikt blir fattigare, med mindre til overs til dei som fell utanfor.

Enig eller uenig? Del det med andre:
  • Facebook
  • E-mail this story to a friend!
  • Twitter

Legg inn kommentar

Flere innlegg

Clicky Web Analytics